mandag 6. juni 2011

Valestrandsmanna på tur

På vårseminaret til Valestrand Hjellvik Supporterklubb vart bortekampen mot Øystese i Norheimsund utpeikt til årets toktDå kampdagen rann med strålande solskin frå blå himmel, gjekk turen over Kvamskogen som ein leik for Don Fat Tony og tribunekrigarane hans. Valestrandsmannane skulle ikkje stå åleine i kampen mot blåkledde hardingar på deira lånte slagmark.
Don Fat Tony
Etter eit sigrande herjetokt gjennom Norheimsund si hovudgate, lyfta brått høvdingen Don FT handa så dei andre skulle teia. Han vende på hovudet nokre gonger, og liksom væra ut i lufta. -No e Mannane klare te kamp, sa han så. -Dei treng all den hjelp og støtte me kan gje dei. Kom igjen Valestrandsfolk! Lat oss visa heile Norheimsund og Øystese ka me kan få te. Og Mannane må få kjenna at dei ikkje kjempa åleina i dag!
Så vende toget av Valestrandsfolk kursen mot kampstaden, der dei kunne innta sin vande plass på tribuna.

Mannane kom ut på slagmarka saman med dei blåkledde hardingane, medan tribuna vart inntulla i kvit røyk frå Valestrands eigne røykleggjarar. Svært viktige ritual for ekte tribunekrigarar dette. No kunne slaget starta...

Valestrandsmannane - dei svarte og dei kvite - beit lenge godt i frå seg mot dei blåkledde. Men overmakta såg ut til å verta for stor, og ved halvtid hadde hardingane fått lurt ein ball i nota. Det hadde ikkje Valestrandsmannane.
Til alt overmål banka dei blåkledde endå ein ball inn, og det før folk hadde fått summa seg etter kvila. No såg det dystert ut for Valestrandsfolket. Nok ein gong lyfta høvdingen og dirigenten handa.
-Norheimsund i blått! skreik han. Heile krigarkoret hans svara med dei same orda så det runga i fjellveggane rundt slagmarka. Så vart det stilt. Veldig stilt.
Alle såg på Valestrandsfolket. Dei blåkledde ute på slagmarka stoppa opp litt - tydeleg nervøse no. Ein gammal hardingkall var den som til slutt sette ord på det, med gråtkvalt stemme: -Da e kje Norhaimsund. Da e Oystese!

Mannane pressa dei blåkledde bakover no. Borne fram av taktfaste kamprop og vaiande flagg frå sine tribunekrigarar fekk dei til slutt løn for strevet, og klinka ballen i buret. Først ein gong - så endå ein. Og så hende det som få hadde våga håpa på då dei drog frå Valestrand denne dagen. Ein nordnorsk Valestrandsmann gjekk fram og lurte inn den tredje ballen i buret til dei blåkledde. Tribuna eksploderte i ein ekstase dei knapt hadde sett før i desse traktene.
Mannane takkar for støtta etter slaget
Sjølv om Valestrandsmann nummer ein - han som vakta buret - måtte strekka seg i både aust og vest for å halda reint i dei siste minuttane, gjekk det vegen for dei svarte og kvite.
Valestrandsmannane hadde snudd slaget, og kunne reisa heim att med full fangst. Saman med tribunekrigarane sine...



1 kommentar:

  1. Som knapt interesert i fotball må eg seia at viss forfattaren av bloggen hadde utgitt ei bok om emnet, so hadde eg med stor sansynlighet kjøpt den! Fotball vart med eit både morosamt og spanande;)

    SvarSlett